fbpx

LG-2012-204487: Erstatning etter seksuelt misbruk av barn

En mann ble dømt til fengsel i 11 måneder, samt til å betale 100 000kr i erstatning etter seksuelt misbruk av barn. Fornærmede, som var 15 år da misbruket fant sted, møtte tiltalte på nettet. På nettstedet avtalte tiltalte at fornærmede skulle få betalt, dersom de møttes.

 

Saka gjeld seksuell omgang med barn under 16 år.

Stavanger tingrett sa 16.11.2012 dom med slik domsslutning:
1. A, født 0.0.1971, dømmes for en overtredelse av straffeloven § 196 første ledd, en overtredelse av straffeloven § 203 og en overtredelse av straffeloven § 201 bokstav c, sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd, til fengsel i 10 – ti – måneder. Varetektsfradraget er 4 – fire – dager.
2. A, født 0.0.1971, dømmes til å betale erstatning (oppreisning) til B med kr 75 000 – syttifemtusenkroner -.
3. A, født 0.0.1971, dømmes til å betale statens kostnader med kr 5 000 – femtusenkroner -.
4. Oppfyllelsesfristen for punkt 2 er 2 – to – uker fra dommens forkynnelse den 19.11.2012, det vil si den 03.12.2012.

A har ved ankefråsegn av 28.11.2012 anka domen til lagmannsretten vedrørande provvurderinga knytta til post I a og b samt post II i tiltalen. I tillegg rettar anken seg mot straffutmålinga og oppreisingsavgjerda.

Gulating lagmannsrett har ved avgjerd av 21.01.2013 vist anken til ankeførehaving

Statsadvokatane i Rogaland har ved tiltalevedtak av 04.09.2012 sett A, f. 0.0.1971, under tiltale ved Stavanger tingrett og har fremja det same tiltalevedtaket for Gulating lagmannsrett for overtreding av:
I Straffeloven § 196 første ledd

for å ha hatt seksuell omgang med barn under 16 år

Grunnlag:

a)

En gang i mars 2011, formentlig 21. mars 2011, på en parkeringsplass ved X —hotell i Y, hadde han vaginalt samleie med B, født 0.0.1996, samt at han fikk henne til å suge hans penis, ført en eller flere fingre inn i hennes vagina og befølte brystene hennes.

b)

Medio april 2011 på en parkeringsplass ved — ved Z i Y, hadde han analt og vaginalt samleie B født 0.0.1996, samt at han fikk henne til å suge hans penis, slikket henne i skrittet og førte en eller flere fingre inn i hennes vagina.
II Straffeloven § 203

for mot vederlag å ha hatt seksuell omgang eller handling med en person under 18 år

Grunnlag:

Til tid og på sted som nevnt i post I, grunnlag a, hadde han seksuell omgang som der nærmere beskrevet mot betaling med B, født 0.0.1996.
III Straffeloven § 201 bokstav c

for i ord eller handling å ha utvist seksuelt krenkende eller annen uanstendig atferd overfor barn under 16 år

Grunnlag:

I tidsrommet før lørdag 26. november 2011 i Rogaland, har han ved flere anledninger over internett spurt C, født 0.0.1999, om hun vil se tissen hans over webkamera og/eller ‘se noe hun aldri hadde sett før’, eller lignende.

A er fødd 0.0.1971 og bur i — 0, 0000 Stavanger. Han er gift og har forsytaransvar for to born på 9 og 11 år. Han arbeider som ingeniør i eit oljeselskap og hadde i 2012 ei årsinntekt på om lag 800 000 kroner. Saman med kona har han ei formue på om lag 5 millionar kroner, og ei gjeld på om lag 3 millionar kroner.

Ankeforhandling vart halde i Stavanger tinghus 9. – 10.09.2013. Tiltalte gav forklaring. I tillegg høyrde lagmannsretten forklaring frå sju vitne. Det vart føreteke slik dokumentasjon som rettsboka syner.

Aktor la ned påstand om at tiltalte vert dømd for dei forhold som er til prøving i lagmannsretten, samt det forhold som er rettskraftig avgjort ved Stavanger tingretts dom av 16.11.2012, til ei straff av fengsel i 10 månader, med frådrag for uthalden varetekt i fire dagar. I tillegg vart det lagt ned påstand om at tiltalte vert ilagt sakskostnader etter retten sitt skjønn. Bistandsadvokaten la på vegner av B ned påstand om at B vert tilkjent oppreisingserstatning fastsett etter retten sitt skjønn. Forsvarar la ned påstand om at tiltalte vert frifunnen for post I a) og b) og post II i tiltalevedtaket og at han elles vert å vurdera på mildaste måte.
 
Lagmannsretten har slik vurdering:

Skuldspørsmålet skal prøvast etter tiltalevedtaket post I a) og b), som gjeld brot på straffelova § 196 første lekk, samt post II, som gjeld brot på straffelova § 203 første lekk, bokstav a). Når det gjeld post III i tiltalevedtaket, vart tiltalte funnen skuldig etter denne tiltaleposten i tingretten, og skuldspørsmålet er ikkje anka vedrørande dette forholdet.

Lagmannsretten har funne det prova utover ei kvar rimeleg tvil at tiltalte har forhalde seg slik det er skildra i tiltalevedtaket post I a) og b) samt post II, og at han difor må kjennast skuldig for dei aktuelle forholda.

Ved provvurderinga har lagmannsretten lagt til grunn den forklaringa fornærma, B, har gjeve i retten.

Lagmannsretten legg til grunn at tiltalte og fornærma kom i kontakt, truleg den 21.03.2011, på ei nettside omtalt som «chatroulette». Tiltalte tilbydde fornærma betaling av eit beløp på anten kr 1 000 eller kr 1 500, dersom dei to kunne møtast. Tiltalte har forklart at framsetjinga av tilbodet og ynskjet om eit møte med fornærma, var seksuelt motivert.

Sjølve møtet fann stad kort tid etter at kontakten vart etablert. Tiltalte ringte fornærma på telefonnummeret han hadde fått oppgjeve, og dei to møttes deretter på ein parkeringsplass ved X —hotell i Y. Dei to gjekk først ein tur, før dei sette seg inn i baksetet i bilen til tiltalte. I bilen spurte tiltalte fornærma kor gamal ho var, og fornærma svarte då at ho nett var fylt 15 år.

Hendingsforløpet sålangt er gjeve samanfallande forklaringar om frå både tiltalte og fornærma. Når det gjeld kva som vidare skjedde, har dei to ulike forklaringar.

Tiltalte hevdar at då fornærma opplyste at ho var 15 år, så var det uaktuelt for han å gå vidare i forhold til hans seksuelt motivert føremål med møtet, og ingenting av den seksuelle omgangen som er omtalt i post I a) skjedde. Fornærma har imidlertid ei heilt anna forklaring om det vidare hendingsforløpet, og lagmannsretten legg som nemnt hennar forklaring til grunn. Lagmannsretten finn det såleis prova at tiltalte, etter å ha fått opplyst at fornærma var 15 år, fekk fornærma til å suga penisen hans, at han førte ein eller fleire fingrar inn i vaginaen hennar og at han kjende på brysta hennar. Han hadde òg vaginalt samleie med ho. Etter ynskje frå tiltalte hadde han til slutt sædavgang i munnen hennar. Etter dette gav tiltalte fornærma kr 600. Han forklarte beløpet med at han ikkje hadde meir. Før dei skildest sa tiltalte at han ville ringa fornærma på nytt. Tiltalte køyrde etter dette vekk, og fornærma gjekk heim til seg sjølv.

Lagmannsretten legg til grunn at tiltalte handla slik det er skildra i tiltalevedtaket post I a) og post II og at både dei objektive og subjektive vilkåra for straffskuld ligg føre, i det tiltalte var kjent med at fornærma var under 16 år.

Når det gjeld tiltalevedtaket post I b), legg lagmannsretten til grunn fornærma si forklaring om at tiltalte ringte ho ein dag medio april 2011 og ynskte at dei to skulle møtast på nytt. Det vart avtalt at dei skulle møtast seinare same dag. Tiltalte plukka opp fornærma i bilen sin, og dei køyrde deretter til ein parkeringsplass ved — i Y. Etter å ha parkert bilen sette dei seg i baksetet. Tiltalte fekk der fornærma til å suga penisen hans, samt at han slikka ho i skrittet og førte ein eller fleire fingrar inn i vaginaen hennar. På eitt eller anna tidspunkt tok fornærma opp spørsmålet om tiltalte hadde kondom. Det hadde ikkje tiltalte, og tiltalte ba då fornærma om å stilla seg opp på alle fire. Han gjennomførte deretter analt samleie med ho. Etter ei stund ba han om å få gjennomføra vaginalt samleie. Fornærma gav tiltalte beskjed om at ho ikkje ynskte dette, då ho var redd for å bli gravid. Tiltalte gjennomførte likevel vaginalt samleie med ho. Etter ynskje frå tiltalte hadde han til slutt sædavgang i munnen hennar. Møtet mellom dei to vart avslutta ved at han køyrde fornærma til —, der han slapp ho av, i det han sa at han ville ringa ho på nytt.

Betaling var ikkje noko tema på dette møtet mellom dei to.

Fornærma fortalde kort tid etter ein miljøarbeidar på skulen ho gjekk på, at ho hadde treft ein mann, og at han var mykje eldre enn ho. Basert på dei opplysningar miljøterapeuten fekk av fornærma, vart saka meld til politiet, og det var etter dette ikkje fleire møter mellom tiltalte og fornærma.

Lagmannsretten legg til grunn at tiltalte handla slik det er skildra i tiltalevedtaket post I b), og at både dei objektive og subjektive vilkåra for straffskuld ligg føre, i det tiltalte var kjent med at fornærma var under 16 år.

Straffutmåling

Det skal etter dette utmålast straff for brot på straffelova § 196 første lekk, straffelova § 203 samt det forhold som er rettskraftig avgjort ved Stavanger tingretts dom av 16.11.2012, nemleg brot på straffelova § 203 bokstav c).

Det følgjer av Rt-2013-188 at lagmannsretten ved fastsetjing av ei samla straff som òg omfattar eit rettskraftig avgjort forhold, skal leggja til grunn den straffutmålinga tingretten har føreteke for det forholdet som er rettskraftig avgjort.

I domen frå tingretten er brotet på straffelova § 203 bokstav c) – tiltalen post III – omhandla slik under straffutmålinga:

Straffeloven § 62 første ledd anvendes. Det vises til tiltalebeslutningen postene I, II og III. Forholdet i post II og III kunne enkeltvis ikke ha vært avgjort med bøtestraff. Straffeloven § 63 annet ledd anvendes ikke. Det vises til tidligere bøteleggelser og forholdenes alvorlighetsgrad.

Lagmannsretten legg i samsvar med dette til grunn at forholdet i post III skal straffast med fengsel. Utover dette lar det seg ikkje utleia noko meir eksplisitt av tingrettsdomen om kor stor del av den fastsette fengselsstraffa som lagmannsretten er bunden til å gje vedrørande post III.

Det er forholda i post I a) og post I b) som er dei klart mest alvorlege forholda tiltalte er funnen skuldig i.

Lagmannsretten legg til grunn at normalstraff for seksuell omgang med born under 16 år, er seks månader fengsel. Slik lagmannsretten vurderer det, føreligg det i denne saka fleire svært straffskjerpande forhold, som må leia til ein reaksjon monaleg over normalstraffenivået.

Lagmannsretten legg til grunn som prova utover ei kvar rimeleg tvil, at tiltalte allereide før han hadde seksuell omgang med fornærma første gongen, var kjent med at ho hadde særlege problem. Tiltalte har sjølv forklart at fornærma fortalde han om problematiske sider ved livet sitt, samt at han observerte synlege teikn på sjølvskading på armane hennar. Fornærma hadde på dette tidspunkt vore innlagt på ungdomspsykiatrisk institusjon, og sleit med angst, depresjon og hadde òg vore psykotisk. Ho har forklart seg om at sjølvbilete var svært dårleg med fysisk sjølvforakt, og at ho tidlegare ikkje hadde hatt noko intim omgang med andre, korkje seksuelt eller på annan måte. Som svar på dette tok ho imot tilbodet frå tiltalte om å møtast. Det handla for ho ikkje om pengar. Ut frå den kunnskap tiltalte hadde, må det i straffskjerpande retning leggjast til grunn at han grovt utnytta ei jente som nyss var fyllt 15 år og som i tillegg var i ein svært sårbar situasjon. Det førelåg ingen aldersmessig mogningsbalanse mellom dei to. Tiltalte var 40 år, og det einaste motivet hans var å oppnå seksuell omgang. Når det gjeld sjølve den seksuelle omgangen, legg lagmannsretten i straffskjerpande retning vekt på at tiltalte ikkje tok ansvar for bruk av kondom. Dette trass i at han hadde hatt kjønnsjukdomar og trass i at fornærma tilkjennegav at ho var redd for å bli gravid. Ved det første møte vart det brukt kondom som fornærma hadde med. Ved det andre møte hadde ikkje fornærma med kondom, og tiltalte tok då først initativ til analt samleie, før han gjennomførte vaginalt samleie, sjølv om fornærma klart tilkjennegav at ho ikkje ynskte dette. Slik tiltalevedtaket er utforma, er dette noko lagmannsretten berre kan prøva som straffeutmålingsmoment. Lagmannsretten finn det klart straffskjerpande at tiltalte gjennomførte vaginalt samleie sjølv om fornærma sa nei til dette. Ved den samla straffutmålinga finn elles lagmannsretten det straffskjerpande at tiltalte utførte slike handlingar som han er funnen skuldig etter post III i tiltalevedtaket, etter at han hadde vore pågripen og avhøyrt om dei forhold som er omhandla i post I a) og b) og post II.

Lagmannsretten syner elles til at tiltalte vart ilagt tre førelegg for blotting og tilsvarande i åra 1990-1992. I 2003 vart han ilagt førelegg for brot på straffelova § 390a, då han hadde tilbydd telefonsex samt betaling for å bli onanert. I 2005 vart han ilagt førelegg for brot på straffelova § 200 første lekk. Han hadde då føreteke seksuell handling med nokon som ikkje hadde samtykka til dette. Forholda ligg for det meste langt tilbake i tid, og dei vert ikkje tillagt avgjerande vekt i forhold til dei andre straffskjerpande momenta. Provføringa har likevel vist at tiltalte over langt tid, og heilt fram til dei forhold han no skal dømast for, har vist ei grenseoverskridande åtferd, som det må reagerast tydeleg på.

Lagmannsretten finn ikkje noko å vektleggja i straffminkande retning. Tiltalte har forklart seg om at han sjølv vart misbrukt seksuelt i barndomen, men det er vanskeleg for lagmannsretten å etterprøva desse opplysningane. Sjølv om det vert lagt til grunn at slikt misbruk har skjedd, kan ikkje desse forholda i dette tilfelle gje redusert straff. Tiltalte har vidare vist til at han har oppsøkt psykolog, både for å ta tak i barndomsopplevingane samt for å få hjelp til å korrigera den uynskte seksuelle åtferda han har erkjent. Lagmannsretten finn det i utgangspunktet prisverdig at tiltalte har oppsøkt psykolog på dette grunnlaget, men etter å ha høyrt psykologen forklara seg i retten, er lagmannsretten usikker på om psykologen har kjennskap til alle dei aktuelle erkjente forhold som tiltalte har vore konfrontert med under ankeforhandlinga. Lagmannsretten syner elles til at post III i tiltalevedtaket gjeld handlingar som er utført etter at tiltalte hadde oppsøkt psykolog.

Lagmannsretten finn etter ei samla vurdering at straffa passande kan setjast til fengsel i 11 månader. Straffelova § 62 vert lagt til grunn. Straffelova § 63 andre lekk kjem ikkje til nytte for forholda i post II grunna tidlegare bøtleggjingar og alvoret av saka. Når det gjeld post III vert det synt til det som er lagt til grunn innleiingsvis i det ovannemnde.

Tiltalte skal ha frådrag for uthalde varetekt i fire dagar.

Oppreising

Lagmannsretten legg til grunn at vilkåra for å tilkjenna oppreisingserstatning er oppfylt, jf skadeserstatningslova § 3-5 første lekk bokstav b), jf § 3-3. Med tilvising til dei moment som er vektlagt ved straffutmålinga, samt rettpraksis, jf Rt-2012-1129 og Rt-2013-727, finn lagmannsretten at oppreisingserstatninga skjønnsmessig vert å fastsetja til kr 100 000.

Sakskostnader

Lagmannsretten finn at tiltalte må dømast til å betala sakskostnader. Sakskostnadene for tingrett og lagmannsrett vert samla sett til kr 12 500. Beløpet er fastsett skjønnsmessig, og lagmannsretten har teke omsyn til omfanget av saka og tiltalte si betalingsevne.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:
1. A, fødd 0.0.1971, vert dømd for brot på straffelova § 196 første lekk, brot på straffelova § 203 første lekk bokstav a) og det forhold som er rettskraftig avgjort ved Stavanger tingretts dom av 16.11.2012 til ei straff av fengsel i 11 – elleve – månader. Straffelova § 62 første lekk kjem til nytte. Til frådrag i fengselstraffa kjem 4 – fire – dagar for uthalden varetekt.
2. A vert dømd til å betala oppreisingserstatning til B med 100.000 – eitthundretusen – kroner innan 2 – to – veker frå forkynning av denne domen.
3. I sakskostnader for tingrett og lagmannsrett vert A dømd til å betala staten 12.500 – tolvtusenfemhundre – kroner.

👤 Av bistandsadvokat Eirik Teigstad



Jeg heter Eirik Teigstad og er én av de ni bistandsadvokatene i Advokatfirmaet Teigstad AS, et spesialisert og landsdekkende firma som hjelper voldsofre med å anmelde og søke erstatning etter familievold og seksuelle overgrep.

Kontakt oss

    Har jeg krav på erstatning?
    Har jeg krav på fri rettshjelp?
    Har jeg noen frister å forholde meg til?
    Send oss en uforpliktende e-post!