En mann ble anmeldt for å ha utøvet vold og fremsatt trusler til sin nabo. Fornærmede hadde ved flere anledninger klaget på høy musikk fra tiltaltes leilighet. Ved en anledning hadde fornærmede og tiltalte tatt tak i hverandre, da tiltalte skallet fornærmede i hodet. I etterkant fremsatte tiltalte trusler mot fornærmede. Fornærmedes bistandsadvokat la ned påstand om oppreisning. Tiltalte ble dømt til 120 dager i fengsel, samt til å betale 40 000 kroner i erstatning.

 

Oslo tingrett avsa 5. oktober 2012 dom med slik domsslutning:

A, født 0.0.1957 , frifinnes for overtredelse av straffeloven § 291 første ledd jf annet ledd.

A, født 0.0.1957 , dømmes for overtredelse av straffeloven § 229 annet straffalternativ og straffeloven § 227 første straffalternativ; alt sammenholdt med straffeloven § 62 første ledd, til fengsel i 8 – åtte – måneder.

Fullbyrdelsen av 60 – seksti dager av straffen utsettes i medhold av straffeloven §§ 52-54 med en prøvetid på to år.

A, født 0.0.1957 , dømmes til å betale erstatning med kr 5 598 – femtusenfemhundreognittiåtte kroner og oppreisning med kr 40 000 – førtitusen kroner til B innen 14 – fjorten – dager fra dommens forkynnelse.

Sakskostnader ilegges med kr 3 000 – tretusen kroner.

A anka i rett tid domen til Borgarting lagmannsrett. Anken gjaldt bevisvurderinga under skuldspørsmålet, saksbehandlinga og straffutmålinga. I tillegg blei det kravd endra utmåling av oppreisningserstatning. Borgarting lagmannsrett trefte
10. desember 2012 vedtak om at det skulle haldast ankeforhandling for anken over straffutmålinga, medan anken elles blei nekta fremja i medhald av straffeprosesslova § 321 andre ledd første punktum. Lagmannsretten godtok at dei sivile rettskrava skulle handsamast på ny, jf. straffeprosesslova § 434 første ledd bokstav b.

Ankeforhandling blei halde 20. februar 2013 i Borgarting lagmannsretts hus. Tiltalte og den fornærma gav forklaring. Det blei også gjeve forklaring av eitt vitne. Bevisføringa elles går fram av rettsboka.

Forsvarar la ned slik påstand:

Tiltalte anses på mildeste måte.

Oppreisningserstatning idømmes etter rettens skjønn.

Aktor la ned slik påstand:

Anken forkastes.

Tiltalte idømmes sakskostander for lagmannsretten.

Bistandsadvokaten la ned slik påstand:
1. A, f. 0.0.1957, dømmes til å betale erstatning til B med kroner 5 998,-.
2. A, f. 0.0.1957, dømmes til å betale oppreisning til B, fastsatt etter rettens skjønn.

Lagmannsrettens merknader:

Tiltalte er ein 55 år gamal mann. Han er tidlegare ustraffa.

Tiltalte er ved tingrettens dom funnen skuldig i eitt brot på straffelova § 229 andre straffalternativ og eitt brot på straffelova § 227 første straffalternativ. Begge brot skriv seg frå ei hending 3. april 2012 i trappehallen til –vei 13 i Oslo. Den tiltalte har husvære i 4. etasje i bygget, medan den fornærma har husvære i 3. etasje. Tiltalte flytta inn i september 2011. Den fornærma budde på det tidspunktet allereie i bygningen.

Det går fram av tingrettens dom at den fornærma klaga til den tiltalte over at sistnemnde spelte høg musikk. Dette skjedde første gong kort tid etter at tiltalte flytta inn. Tiltalte reduserte ved dette høvet volumet, men den fornærma tok seinare på ny kontakt med tiltalte og klaga igjen over høg musikk. Tiltalte blei då med inn i husværet til den fornærma for å vurdera om han oppfatta lydnivået som plagsamt. Tiltalte meinte at nivået ikkje var for høgt, og sa til den fornærma at han ikkje ynskte å redusera volumet endå meir. Dette skjedde ein gong før 3. april 2012.

Under ankeforhandlinga forklarte tiltalte at den fornærma til han over høg musikk ved fleire ulike høve før 3. april 2012. Tiltalte forklarte vidare at han tok opp situasjonen munnleg med den dåverande styreleiaren for bustadsameiget, og at tiltalte fekk inntrykk av styreleiaren ikkje la vekt på klagene. Tiltalte tolka styreleiaren slik at den fornærma også i andre samanhengar hadde sett fram klager utan at styreleiaren meinte det var grunnlag for tiltak. Dette er ikkje omtalt i tingrettens dom. Lagmannsretten legg her til grunn den forklaringa som tiltalte gav under ankeforhandlinga.

Når det gjeld den aktuelle hendinga 3. april 2012, legg lagmannsretten til grunn faktum slik dette er skildra i tingrettens dom. Tiltalte og fornærma møtte kvarandre ca kl 16.00 i trappehallen i 1. etasje til bygget. I tingrettens dom side 4 heiter det om kva som skjedde:

I trappehallen i første etasje, møtte fornærmede tiltalte som sa at han nå skulle spille svært høy musikk i to – tre dager. Fornærmede gikk da bort til tiltalte og sa at dette ville være i strid med sameiets ordensregler. Tiltalte tok tak i fornærmede og holdt tak i skjorten og jakken. Fornærmede grep også tak i tiltalte og partene sto og holdt tak i hverandre. Fornærmede forsøkte å holde tiltalte på avstand, men dette lyktes ikke. Fra denne stillingen skallet tiltalte fornærmede i ansiktet. Skallingen traff over venstre tinning.

Hendinga skjedde tysdag i påskeveka. Første ordinære arbeidsdag etter påske, 10. april 2012, tok den fornærma kontakt med lege. Den fornærma blei sjukmeld fram til og med 15. april 2012. Sjukemeldinga blei seinare lengd fram til og med 22. april 2012. Det blei gjennomført røntgenundersøking av den fornærma, og 7. mai 2012 var han til ny undersøking ved Ullevål universitetssjukehus, skadeseksjonen på legevakta. Det blei då avdekt at røntgen viste hematom – blodsamling – over høgre hjarnehalvdel. Han blei difor sjukmeld på ny fram til og med 28. mai 2012.

Den fornærma var 12. april 2012 i kontakt med tannlege, som fann skade på ein jeksel. Tingretten la til grunn at jekselen var brekt på grunn av valdsbruken frå tiltalte. Lagmannsretten legg også dette til grunn ved straffutmålinga.

Den tiltalte er også domfelt for trugsmål etter straffelova § 227 første straffalternativ. Tingretten fann det bevist at han like før den omtalte valdsbruken sa til den fornærma at dersom den fornærma prøvde å gjera noko med han, så hadde den fornærma «rotet med feil mann» og at den fornærma berre kunne prøva seg, så skulle han banka fornærma «sønder og sammen».

Forsvarar har for lagmannsretten gjort gjeldande at det er grunnlag for samfunnsstraff, eventuelt samfunnsstraff i kombinasjon med ei kortare fengselsstraff. Forsvarar har særleg vist til at tiltalte i barndomen og oppveksten blei utsett for massiv og alvorlig mobbing over mange år. Dette gav tiltalte sterke psykiske plager i vaksen alder, og han gjekk i perioden 1994-1998 i regelmessig terapi hos psykolog. Forsvarar har vidare vist til at tiltalte har delt omsorg for ei dotter på 12 år som treng særs mykje omsorg, og mor til dottera treng avlasting av helsegrunnar. Det er gjort gjeldande at soning av fengselsstraff vil få store følgjer for dottera.

Den fornærma forklarte til lagmannsretten at han etter hendinga framleis er plaga med søvnvanskar og hovudpine. Lagmannsretten legg dette til grunn. Lagmannsretten legg vidare til grunn at det framleis ikkje er avklart om den fornærma vil få varige skadar på grunn av valdsbruken, men at det ikkje er konkrete haldepunkt for slike skadar.

Tingretten kom til at trugsmålet isolert sett kvalifiserer til ei kortare fengselsstraff på vilkår. Lagmannsretten er einig i dette. Ved straffutmålinga er det lekamsskaden som er det sentrale vurderingstemaet.

Ved straffutmålinga tar lagmannsretten utgangspunkt i den endringa av straffelova § 229 som skjedde ved lov av 25. juni 2010 nr. 46. Den straffbare handlinga fann stad etter at nemnde lovendring var sett i kraft. Ved lovendringa blei strafferamma for brot på straffelova § 229 første og tredje straffalternativ utvida. Det blei ikkje gjort endringar i strafferamma for brot på straffelova § 229 andre straffalternativ. I forarbeida blei det likevel lagt til grunn at straffenivået også skulle skjerpast for slike tilfelle. Lagmannsretten viser her til Prop. 97 L (2009-2010) side 37:

Gjennomgåelsen av straffutmålingspraksis viser at straffen for en ordinær overtredelse av § 229 annet straffalternativ ligger i området fengsel i 90 til 120 dager for uprovosert vold i form av knytteneveslag mot fornærmedes hode […] Straffen for tilsvarende handlinger bør i utgangspunktet ikke ligge under 6 måneder ubetinget fengsel.

Saka for lagmannsretten gjeld eit tilfelle der det ikkje er brukt knyttneve, men der tiltalte skalla og trefte den fornærma i ansiktet. Lagmannsretten meiner at skadepotensialet er det same ved slik valdsbruk, slik at det ikkje er grunnlag for å vurdera dette annleis enn om det hadde vore brukt knyttneveslag.

Utgangspunktet om fengesel i seks månader utan vilkår gjeld for tilfelle med uprovosert vald. Lagmannsretten meiner at valdsbruken i saka er uprovosert. Lagmannsretten viser til tingrettens bevisvurdering, jf. sitatet ovanfor, der det går fram at det var tiltalte som ved ein slengmerknad til den fornærma etablerte opptakten til valdsepisoden. At det i tidsrommet før den aktuelle dagen hadde bygd seg opp ein viss konflikt mellom tiltalte og fornærma, endrar ikkje at den konkrete valdsbruken må kallast uprovosert.

Sjølv om det er tale om uprovosert vald, meiner lagmannsretten likevel at handlinga til tiltalte ikkje ligg i kjerneområdet for den typen vald som lovgjevar tok sikte på å straffa hardare ved lovendringa i juni 2010. I Prop. 97 L (2009-2010) side 29 heiter det blant anna om bakgrunnen for framlegget om skjerpa straff for valdsbruk:

Grov vold er et vidtfavnende begrep. Svært mange, og til dels ulike, forøvelsesmåter og skadefølger omfattes av det som i dagligtale omtales som grov vold. Spørsmålet om skjerpet straff for grov vold er særlig aktuelt for den uprovoserte volden som er utøvd i det offentlige rom. Den typiske gatevolden som utspilles i tilknytning til opphold på utesteder eller i taxikøer, og hvor det ikke eller i svært begrenset grad foreligger et hendelsesforløp som forklarer råskapen, befinner seg i kjerneområdet for den voldsutøvelse det ønskes skjerpet straff for.

Lagmannsretten meiner at den gatevalden som forarbeida her omtaler, er av ein annan – og noko meir alvorleg – karakter enn det tilfellet som lagmannsretten skal ta stilling til. Lagmannsretten viser i denne samanhengen også til Rt-2012-259, som gjaldt brot på straffelova § 229 første straffalternativ. Det var snakk om eit knyttneveslag mot ansiktet med brot på kjeven som resultat. Gjerningspersonen og den fornærma kjende kvarandre frå før, og det hadde vore konflikt mellom desse også tidlegare. Det blei uttalt at dette var eit tilfelle som ikkje låg heilt i kjerneområdet for kva som skulle rammast av straffskjerpinga ved lovendringa i juni 2010. Høgsterett sette straffa til fengsel i fem månader utan vilkår. Lagmannsretten meiner at Rt-2012-259 illustrerer at det må skje ei konkret vurdering av valdsbruken i kvart tilfelle, og at det vil vera tale om ulike grader av straffskjerping avhengig av om ein er innanfor eller utanfor det kjerneområdet som blei brukt som grunngjeving for lovendringa i juni 2010.

I den saka som står for lagmannsretten, har tiltalte forklart at han i oppveksten blei utsett for langvarig og alvorleg mobbing. Ein yngre bror av tiltalte forklarte seg også om dette til lagmannsretten. Basert på nemnde forklaringar legg lagmannsretten til grunn at det er snakk om mobbing i form av langvarig psykisk og fysisk trakassering.

Tiltalte forklarte at klagene frå den fornærma etablerte ein konflikt, som – slik han sjølv opplevde det – hadde parallellar til kva han blei utsett for under oppveksten. Tiltalte forklarte vidare at då den fornærma kom mot han i trappehallen, opplevde han også likskapstrekk med mobbesituasjonar frå oppveksten.

Det har frå forsvarar ikkje blitt gjort gjeldande at det er snakk om eit tilfelle der handlinga er gjort i rettmessig harme, jf. straffelova § 56 bokstav b, og lagmannsretten meiner at det klart ikkje er snakk om eit slikt tilfelle. Naudverje er heller ikkje tema.

Lagmannsretten meiner valdsbruken til tiltalte hadde eit stort skadepotensiale. Det var tiltalte som etablerte konflikten i trappehallen ved å koma med ein slengmerknad. Den fornærma kom på si side korkje med verbale eller fysiske angrep før tiltalte utøvde valdsbruken. Til trass for dette meiner lagmannsretten at valdsbruken til tiltalte ber preg av å vera eit særeige eingongstilfelle. Lagmannsretten meiner at handlingsmåten til tiltalte har ein viss samanheng med den trakasseringa han opplevde i oppveksten. Dette gjer at valdsbruken får ein noko anna karakter enn dei tilfella som fell inn under kjerneområdet for straffskjerpinga ved lovendringa i juni 2010. Lagmannsretten meiner difor at det er grunnlag for å gjera eit visst avvik frå utgangspunktet på fengsel i seks månader som er lagt til grunn i forarbeida.

Lagmannsretten har vurdert om det er grunnlag for å gje dom på samfunnsstraff. Høgsterett har i saker etter straffelova § 229 lagt til grunn at den klare hovudregelen er fengsel utan vilkår, og at det skal ekstraordinære grunnar til for å nytta samfunnsstraff. Lagmannsretten viser til Rt-2010-1324 avsnitt 18, med vidare referanse til tidlegare avgjerder frå Høgsterett.

Lagmannsretten meiner at det ikkje ligg føre ekstraordinære grunnar i denne saka. At tiltalte har hatt ein særskilt vanskeleg oppvekst, og at valdsbruken ber preg av å vera eit eingongstilfelle, er ikkje omstende av ein slik karakter at det er tale om ekstraordinære grunnar ut frå Høgsteretts praksis. Det er frå forsvarar også vist til at tiltalte har ei dotter på 12 år som annakvar veke bur hos tiltalte. Det er ikkje haldepunkt for at barnet vil stå utan omsorgsperson ved tiltalte si soning av fengselsstraff, og lagmannsretten meiner at omsynet til barnet korkje isolert eller saman med dei andre momenta i saka kan gje grunnlag for dom på samfunnsstraff.

Tingretten sette straffa til fengsel i åtte månader, men slik at fullbyrdinga av 60 dagar blei utsett. Lagmannsretten meiner at dette er ein for streng reaksjon samanhalde med dei retningslinjene som er trekt opp i forarbeida til lovendringa i juni 2010 og Rt-2012-259. Lagmannsretten meiner at omstenda i saka er så spesielle at det er grunnlag for ein viss reduksjon samanlikna med normalstraffa på fengsel i seks månader. Det er haldepunkt for at tiltalte i samband med konflikten i forkant av den aktuelle hendinga opplevde kjensler som hadde samanheng med den omfattande mobbinga han blei utsett for i oppveksten. I etterkant av hendinga har tiltalte på eige initiativ på ny tatt kontakt med psykolog for oppfølging. Lagmannsretten meiner at straffa passande kan setjast til fengsel i 120 dagar. Lagmannsretten meiner at det i eit tilfelle som dette ikkje er grunnlag for ein deldom.

Straffa er fastsett under omsyn til straffelova § 62 første ledd.

Lagmannsretten går etter dette over til å drøfta dei sivile rettskrava i saka.

Den fornærma blei i tingretten tilkjend erstatning for økonomisk tap. I domsslutninga blei beløpet sett til kr 5 598, medan beløpet i premissane blei omtalt som kr 5 998. Partane er samde om det er sistnemnde beløp som er riktig, og lagmannsretten avseier dom i samsvar med dette.

Lagmannsretten skal også ta stilling til krav om oppreisningserstatning. Tingretten fastsette slik erstatning til kr 40 000. Tiltalte har gjort gjeldande at beløpet må setjast ned, medan den fornærma har gjort gjeldande at det er grunnlag for eit høgare beløp.

Lagmannsretten kan slutta seg til tingrettens drøfting av kravet, og er også samd i det beløpet som tingretten tilkjente. Lagmannsretten peiker på at beløpet ligg noko høgare enn det som synest å følgja av rettspraksis frå nokre år tilbake, men lagmannsretten meiner at det er grunnlag for ei viss oppjustering av nivået samanhalde med dei signal som kom til uttrykk ved lovendring i juni 2010 i synet på alvoret ved denne typen brotsverk. Lagmannsretten viser i denne samanhengen til Rt-2012-1576 avsnitt 18.

Sakskostnader for lagmannsretten blir ikkje ilagt, jf. straffeprosesslova § 436 første ledd. Det er ikkje grunnlag for endring i avgjerda om sakskostnader for tingretten, jf. straffeprosesslova § 442 første ledd første punktum.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning:
1. Tingrettens dom blir endra ved at straffa blir sett til fengsel i 120 – eitthundreogtjue – dagar.
2. Tingrettens dom blir endra ved at idømd erstatning blir sett til 5.998 – femtusennihundreognittiåtte – kroner.

Les mer om advokatbistand ved trusler, og om erstatning etter trusler.