Fornærmede ble utsatt for seksuelle handlinger mens han lå og sov, av en annen mann. Tiltalte ble dømt til 3 år og 3 måneders fengsel, skjerpet av at han har begått lignende krenkelser tidligere. Tiltalte ble også dømt til å betale 125 000 kroner i oppreisning.

 

Saka gjeld seksualbrotsverk.
Fjordane tingrett sa 27.04.2012 dom med slik domsslutning:
1. A, født 0.0.1954, blir frifunnen for tiltalevedtaket post II.
2. A, født 0.0.1954, blir dømd for brot på straffelova § 192 første ledd bokstav b jf. tredje ledd bokstav c til fengsel utan vilkår i 3 -tre- år og 3 -tre- månader jf. straffelova § 61 og § 62.
Varetekt kjem til frådrag med 2 -to- dagar.
3. A, født 0.0.1954, blir dømd til innan 2 -to- veker frå dommen er forkynt til å betale erstatning til B med 1 750 -eittusensjuhundreogfemti – kroner.
4. A, født 0.0.1954, blir dømd til innan 2 -to- veker frå dommen er forkynt til å betale erstatning til B med 150 000 -hundreogfemtitusen – kroner.
5. Sakskostnader blir ikkje idømd.
A har ved ankefråsegn av 14.05.2012 anka domen til lagmannsretten. Anken gjeld post I i tiltaltevedtaket, straffutmålinga og dei sivile rettskrava. Frifinninga etter tiltalevedtaket post II er endeleg.
Ved Gulating lagmannsretts vedtak av 22.05.2012 er anken vist til ankeførehaving.
Statsadvokatene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane har ved tiltalevedtak av 12.01.2012 sett A, f. 0.0.1954 under tiltale ved Fjordane tingrett og har fremja det same tiltalevedtaket for Gulating lagmannsrett. Av omsyn til heilskapen vert tiltalevedtaket gjengjeve fullt ut:
I Straffeloven § 192 første ledd bokstav b jf. tredje ledd bokstav c
for å ha skaffet seg seksuell omgang med noen som var bevisstløs eller av andre grunner var ute av stand til å motsette seg handlingen, og den skyldige er tidligere straffet etter denne paragraf.
Grunnlag:
Natt til lørdag 12. februar 2011 i sin bustad på X i Y, masturberte han penisen til B som sov og/eller var så beruset at han ikke oppdaget overgrepet før etter en stund.
A er ved Fjordane tingretts dom av 06. juni 2006 domfelt for overtredelse av straffeloven § 192 første ledd bokstav b.
II Straffeloven § 204a første ledd bokstav a
For å ha vært i besittelse av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn.
Grunnlag:
Forut for lørdag 12. februar 2011 i sin bustad på X i Y, var han i besittelse av omkring 37 bilder som viser seksualiserte fremstillinger av barn.
Straffeloven § 62 første ledd kommer til anvendelse.
Påstand om erstatning/oppreisning til fornærmede forbeholdes nedlagt via bistandsadvokat.
Post I i tiltalen er tatt ut etter riksadvokatens ordre.
Ankeforhandling vart halde i Gulating lagmannsrett den 19. og 20.11.2012. Tiltalte møtte, men gav ikkje forklaring. Han viste til politiforklaringane sine, som vart opplest med samtykke frå forsvarar. Fornærma møtte og gav forklaring. I tillegg gav fem vitne forklaring. Det vart elles føreteke slik dokumentasjon som rettsboka syner.
A er fødd 0.0.1954 og bur i —gate 00, 0000 Z. Han er uføretrygda og har utbetalt trygdeytingar med om lag kr 150-160.000,- i året netto. Han har inga formue, men kr 80.000,- i gjeld. Han er skilt og er utan forsytarbør. Han erkjente ikkje straffeskuld etter post I i tiltalevedtaket.
Lagretten har innanfor ramma av tiltalevedtaket fått seg førelagt følgende spørsmålsskriv:
Spørsmål 1 – hovedspørsmål:
(For å svare ja på dette spørsmål kreves flere enn 6 stemmer)
Er tiltalte A skyldig i å ha hatt seksuell omgang med noen som var bevisstløs eller av andre grunner var ute av stand til å motsette seg handlingen, ved å ha forholdt seg slik:
Natt til lørdag 12. februar 2011 i sin bolig på X i Y, masturberte han penisen til B som var ute av stand til å motsette seg handlingen, i det han var beruset og/eller sov?
Lagretten har svart ja på spørsmålet. Orskurden til lagretten er lagt til grunn for den vidare førehavinga av saka.
Når det gjeld straffutmålinga la aktor ned påstand om at tiltalte vert dømd til fengsel i tre år og tre månader med frådrag av to dagar for uthalde varetekt. Vidare la bistandsadvokaten på vegner av fornærma ned påstand om at tiltalte vert dømd til å betala fornærma skadebot med kr 1.750,- og oppreisingserstatning oppad avgrensa til kr 150.000,-. Forsvarar la ned påstand om at tiltalte vert vurdert på mildaste måte.
 
Lagmannsretten har følgjande merknader:
Det skal utmålast straff for brot på straffelova § 192 første lekk bokstav b), jf tredje lekk bokstav c). Bakgrunnen for at straffelova § 192 tredje lekk bokstav c) kjem til nytte, er at tiltalte ved dom frå Fjordane tingrett av 06.06.2006 er domfelt for overtreding av same straffeføresegn som i denne saka, nemleg straffelova § 192 første lekk bokstav b).
På bakgrunn av orskurden frå lagretten og provføringa vert følgjande faktum lagt til grunn for straffeutmålinga som prova utover ei kvar rimeleg tvil:
Natt til laurdag 12.02.2011, i bustaden sin i X i Y, masturberte tiltalte penisen til fornærma B medan fornærma sov og var ute av stand til å motsetja seg handlinga. Lagmannsretten legg til grunn at fornærma sov og var alkoholpåverka. Masturberinga føregjekk i omlag fem minutt før fornærma oppdaga kva som føregjekk. Fornærma ba då tiltalte om å slutta, noko tiltalte gjorde. Det var ikkje gjeve noko form for samtykke til seksuell omgang. Tiltalte handla forsettleg.
Fornærma hadde tidlegare på kvelden, frå om lag 18-tida, vore på vorspiel i Æ, der han hadde drukke seks pils og ei 0,7 lflaske «Fisherstorm» med 32 % alkoholinnhald.
Han hadde deretter prøvd å koma inn på ein utestad. Om lag kl 0100 kom han i kontakt med tiltalte, som då oppheld seg ved bilen sin på ein parkeringsplass i nærleiken av den aktuelle utestaden. Fornærma kjente ikkje tiltalte frå før, men tiltalte tilbydde å køyra fornærma heim. Fornærma budde rett i utkanten av Æ sentrum. Køyreturen endte imidlertid ikkje ved heimen til fornærma, men ved heimen til tiltalte i X i Y, om lag ein 1/2-times køyretur frå Æ. Vitnet C, som òg sat på ei stykke av vegen, har opplyst at då han kom inn i bilen, sat fornærma og sov, og at fornærma skal ha sove heile tida C var i bilen. Fornærma vakna då han kom til X, og vart overraska over at han var der. Tiltalte forklarte då at han ikkje hadde funne fram til adressa der fornærma budde, men at han hadde ei ledig seng og kunne tilby overnatting. Tiltalte tilbydde seg òg å køyra fornærma tilbake til Æ neste dag. Ei seng vart deretter oppreidd for fornærma, som la seg til å sova. Tiltalte skulle liggja ein annan stad i leilegheita. Fornærma vakna av at tiltalte sat på senga og føretok slik masturbasjon på fornærma som er skildra i det føregåande. Masturbasjonen opphøyrde då fornærma gav tiltalte beskjed om dette, og fornærma ynskte deretter å forlata staden. Han ringte først ein kamerat, men fekk ikkje kontakt. Han oppdaga elles at ytterdøra var låst, og at det mangla nykkel til å opna denne med. Tiltalte tilbydde seg å køyra fornærma attende til Æ, og fornærma sa ja til dette. I Æ tok fornærma straks kontakt med politiet og forklarte kva som hadde skjedd. Operasjonsentralen vart oppringt kl 0520. Alkometertest teke av fornærma kl 0742 synte ein promille på 0,92.
Tingretten har teke følgjande rettslege utgangspunkt ved straffutmålinga:
Når det generelle straffenivået for seksuallovbrot har det vore ei gradvis skjerping dei seinare åra. Ved lovendringa den 25. juni 2010 nr. 46 straffa skjerpa for ein rekkje lovbrot. Lovendringa trådde i kraft straks, og for straffbare handlingar utført etter lovendringa, kjem det auka straffenivået til bruk straks jf. HR-2011-1015-A (10) og (11).
Ved lovendringa vart minstestraffa for voldtekt til samleie sett til tre år, og det vart i forarbeida fastsett at slike voldtekter i normaltilfelle skal straffast med fengsel i fire år. Strafferamma for voldtekt til annan seksuell omgang jf. straffelova § 192 første ledd, vart ikkje endra. I forarbeida til lovendringa vart det likevel lagt til grunn at straffenivået også for slike brotsverk skulle skjerpast. Det vert her vist til Prop.97 L (2009-2010) side 16 der det vart sagt at heving av straffenivået i saker som vert omfatta av minstestraffa, må gis tilsvarande vekt for voldtekt til seksuell omgang som ikkje vert omfatta av minstestraffa.
I forarbeida er det ikkje sagt nokon om kva straffenivået for normaltilfelle av voldtekt til seksuell omgang som ikkje er samleie, men det er uttalt at det ikkje skal gå noko markert skilje mellom voldtekter som vert omfatta av minstestraffa og andre voldtekter. Det vert i denne samanheng vist til følgjande uttalte i Prop. 97 L (2009-2010) side 20:
«Hevingen av straffnivået i saker som omfattes av minstestraffen må gis tilsvarende betydning for voldtekt til seksuell omgang som ikke omfattes av minstestraffen. Det skal ikke gå noe markert skille i straffnivå mellom voldtekter som omfattes av minstestraffen, og andre voldtekter. Slik er det heller ikke i praksis, se for eksempel Rt-2003-496 som gjaldt voldtekt til seksuell omgang av en kvinne i hennes eget hjem hvor straffen ble fengsel i 2 år og 9 måneder – som er på samme nivå som avgjørelser som gjelder voldtekt til samleie. Derimot kan det synes som om voldtekt til seksuell omgang etter § 192 første ledd bokstav b (tilfeller der fornærmede var ute av stand til å motsette seg handlingen) i noen grad straffes lavere enn voldtekter til seksuell omgang etter bokstav a. Departementet understreker at det ikke skal være noe skille i normalstraffnivå etter bokstav a, b eller c.»
Slik retten ser det bør det likevel vere eit viss forskjell. Voldtekt til samleie er meir alvorleg enn voldtekt til annan seksuell omgang. Det går også fram av forarbeida til straffelova 2005 at det normalt vil vere ein forskjell jf. Ot.prp.nr.22 (2008-2009) side 214-215. I ovannemnde uttale understrekar departementet også at det ikkje skal vere noko skilje i normalstraffnivået etter bokstav a, b eller c.
Retten er ikkje kjend med at Høgsterett har handsama saker som gjeld brot på straffelova § 192 første ledd etter straffeskjerpinga. Retten har i staden funne rettleiing dom frå Borgarting lagmannsrett.
LB-2011-61261 gjeld brot på straffelova § 192 første ledd bokstav a; overfallsvoldtekt til seksuell omgang ved å stikke en eller to fingre i skjeden til en 29 år gamal kvinne. Den konkrete straffa vart sett til 2 år og 8 månader, og lagmannsretten uttalte i dommen at dei antok at straffenivået for eit normaltilfelle av inntrenging med fingre i skjeden til ei vaksen kvinne låg frå 2 ½ år og oppover.
Lagmannsretten tiltrer dei utgangspunkt som her er lagt til grunn. Høgsterett har i dom i HR-2012-662-U vedrørande brot på straffelova § 192 første lekk bokstav a) som skjedde 12 dagar før ikrafttredinga av lov av 25.06.2010 om straffskjerping, lagt til grunn at det skal vera ein viss skilnad i straffenivået mellom ei valdtekt som er omfatta av minstestraffa, og anna valdtekt, men ikkje noko markert skilje. Det same er lagt til grunn i førenemnde dom frå Borgarting lagmannsrett, som gjeld eit forhold som skjedde etter straffeskjerpinga ved lov av 25.06.2010 var tredd i kraft.
Lagmannsretten legg til grunn at straffenivået for slikt brot på straffelova § 192 første lekk bokstav b), som skal pådømast i denne saka, i utgangspunktet må liggja eitt stykke under 2 ½ års fengsel. I denne saka vart sjølve overgrepet avslutta av tiltalte då fornærma ba han om det, og det føregjekk over ein relativt kort periode. Det som imidlertid trekkjer i skjerpande retning er den planmessige måten tiltalte, etter lagmannsretten si vurdering, har opptredd på. Tiltalte oppfatta at fornærma var tydeleg rusa og forvirra då han tilbydde fornærma skyss heim. At køyreturen endte heime hjå tiltalte, langt frå der fornærma skulle, legg lagmannsretten til grunn var tilsikta frå tiltalte si side frå det tidspunkt fornærma kom inn i bilen til tiltalte. Dersom tiltalte ikkje tidlegare hadde vore straffa etter same paragraf, ville ei straff for det aktuelle forholdet vore rundt to år og fire månader.
Tiltalte er imidlertid tidlegare straffa for brot på den same straffeføresegna, og den særlege føresegna om auka strafferamma i § 192 tredje lekk bokstav c) skal nyttast.
Tingretten har teke følgjande rettslege utgangspunkt når det gjeld kva den tidlegare domfelling skal ha å bety for straffeutmålinga:
Til dette kjem straffeskjerpinga som følgje av tiltalte si tidlegare domfelling etter straffelova § 192 første ledd bokstav b, jf. straffelova § 192 tredje ledd bokstav c. Strafferamma vert ved dette auka til 21 år. Når det gjeld effekten av straffeskjerpinga er det i Prop. 97 L (2009-2010) side 20 uttalt følgjande:
«For voldtekter som pådømmes etter § 192 tredje ledd hvor minstestraffen kommer til anvendelse, bør normalstraffnivået ikke være under fengsel i 5 år. Dette gjelder uansett om voldtektene rammes av § 191 bokstav a, b eller c. Det bør tillegges markert straffskjerpende betydning om tiltalte tidligere er straffet for seksuallovbrudd.
… … ..
Rt-2004-39 gjaldt voldtekt til samleie av en sovende kvinne. Domfelte var tidligere straffet for en voldtekt og et voldtektsforsøk, jf. § 192 tredje ledd bokstav c. Straffen ble satt til fengsel i 2 år og 6 måneder. Uten gjentakelse bør straffnivået nå være rundt fengsel i 4 år. Med gjentakelse bør straffen være opp mot fengsel i 5-6 år.»
Lagmannsretten tiltrer dette rettslege utgangspunktet.
Når det gjeld den konkrete vektleggjinga av den tidlegare domfellinga, syner lagmannsretten særleg til at det forholdet tiltalte var dømd for ved Fjordane tingretts dom av 06.06.2006, langt på veg er identisk med det forholdet han no skal dømast for. Saka dengong handla òg om at tiltalte tilbydde skyss og overnatting til fornærma etter at fornærma hadde vore ute i Æ sentrum og var i ein rusa tilstand. Fornærma vakna utpå natta i husværet til tiltalte av at tiltalte masturberte fornærma, sleikte fornærma på testiklane og tok penisen hans i munnen.
Lagmannsretten finn etter ei heilskapsvurdering at straffa passande kan setjast til fengsel i tre år og tre månader.
Varetekt kjem til frådrag med to dagar.
 
Tingskade/økonomisk tap

I medhald av skadeserstatningslova § 4-1 har fornærma fremja krav om skadebot for tingskade/økonomisk tap på tilsaman kr 1750,-. Kravet gjeld kostnadene til dei kleda som fornærma hadde på seg då overgrepet skjedde og som skal ha vorte kverrsett av politiet. Kleda det gjeld er ei bukse, ein gensar, ei tskjorte og ei truse. Tiltalte har ikkje gjort motsegn mot beløpet men har gjort gjeldande at dette kravet ikkje kan rettast mot han, då kleda ikkje er prøvd tilbakelevert. Lagmannsretten finn ikkje at vilkåra føreligg for å ta kravet til følgje. Det er ikkje noko som tyder på at kleda er prøvd å få utlevert, og det er heller ikkje opplyst noko om at kleda er tapt og/eller uråd å få tilbakelevert. Kravet vert følgjeleg ikkje teke til følgje.
 
Oppreisingserstatning

I medhald av skadeserstatningslova § 3-5 jf § 3-3 har fornærma krevja krav om oppreisingserstatning avgrensa oppover til kr 150.000,-.
Lagmannsretten legg til grunn at vilkåra for å krevja oppreisingserstatning føreligg i det tiltalte er funnen skuldig i slik forsettleg krenking som nemnt i skadeserstatningslova § 3-3 jf § 3-5 første lekk bokstav b).
Høgsterett har i Rt-2011-743 lagt til grunn at ved valdtekt til samleie, jf straffelova § 192 første lekk bokstav a), jf andre lekk bokstav a), bør den rettleiiande norma for oppreisingserstatning vera kr 150.000,-. Når den seksuelle omgangen ikkje gjeld valdtekt til samleie, så har både Gulating lagmannsrett (LG-2011-205405) og Borgarting lagmannsrett (LB-2011-171025) sett oppreisingserstatninga til kr 125.000,-.
Lagmannsretten legg til grunn at oppreising bør liggja noko lågare i ei sak som denne enn ved valdtekt til samleie, og finn at oppreisinga passande kan setjast til kr 125.000,-. Lagmannsretten legg ved utmålinga til grunn at fornærma etter hendinga har vore noko prega av det han vart utsett for, utan at lagmannsretten likevel kan sjå at han er påført skadeverknader utover det som er vanleg i tilsvarande saker.
Kravet om tingsskade og kravet om oppreisingserstatning er utelukkande førehava av fagdomarane i lagmannsretten, jf straffeprosesslova § 376 e) første lekk.
Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. A, fødd 0.0.1954, vert dømd for brot på straffelova § 192 første lekk bokstav b), jf tredje lekk bokstav c), til ei straff av fengsel i 3 – tre – år og 3 – tre – månader.
2. A vert frifunnen for krav om erstatning for økonomisk tap.
3. A vert dømd til innan 2 – to – veker frå forkynning av denne domen å betala 125.000 – eitthundreogtjuefemtusen – kroner i oppreisingserstatning til B.

Les mer om erstatning etter voldtekt og retten til bistandsadvokat etter tilfeller av voldtekt.